simma_logga_2017

Finaler, dag 6

100 fri, kvinner:
Sarah, Sarah, Sarah... Sjöström åpna for hardt, og blir tatt på heimgongen (!). Det er veldig utypisk Sjöström, som dermed blir slått av Simone Manuel. Nok ein gong fekk vi sett at det å svømme førsteetappe på stafett kan vere greit, og med mindre press enn når ein førsteplass står på spel. 52,27 for Manuel, 52,31 for Sjöström.

200 rygg, herrer:
Der satt den for Jevgenij Rylov. Knuste feltet i opning og holdt heile vegen. Inn på europeisk rekord, 1.53,61. Ryan Murphy og Jacob Pebley på andre og tredje på ein veldig amerikansk måte.

200 bryst, kvinner:
Stor russisk dag. Julija Jefimovas supereffektive glistil lønnar seg - og ein solid seier. 2.19,64. Bethany Galat nærast - 2.21,77. Shi Jinglin med tredje bronse på rad! 2.21,93.

200 bryst, herrer:
Også Anton Tsjupkov har den same stilen som Jefimova. Det var medisinen i dag. Andre gjennom tidene under 2.07 - 2.06,96. Mesterskapsrekord og Europarekord. To japanarar på pallen - Yasuhiro Koseki foran verdsrekordholdar Ippei Watanabe.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter