simma_logga_2017

Første verdenscupseier for Henrik

Henrik Christiansen svømte inn til sin første seier i verdenscupen då han knakk Gabriele Detti dei siste 300 meterane på 1500 meter fri i Eindhoven.

Christiansen svømte inn til 14.26,48 - og var dermed fem sekunder bak hans nysette nordiske rekord frå Berlin, men ein fin prestasjon - og ein fin skalp i ein finale der nivået ikkje var heilt i den ypperste klasse.

Seieren betyr 1500 euro, og med to andreplassar og ein tredjeplass i tillegg har Christiansen no tjent 4000 euro - i overkant av 36000 kroner - på verdenscupturnéen.

Verdenscupturnéen har vore ein stor suksess for dei to reisande. Christiansen satte også ny personlig rekord på 100 meter fri: 49,56, men blei satt i skyggen av Markus Lie der.

Lie satte nok ein norsk rekord, då han gjorde 47,77 i forsøket. I finalen blei det 47,83. Det ga sjuandeplass for Lie, som definitivt har fått eit gjennombrudd.

EM i København kan bli moro for Lie, som også gjorde 52,33 på sekundærøvinga 100 meter butterfly.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter