simma_logga_2017

Rung - "one to watch"

FOTO: Caroline Dokken Wendelborg/NIF FOTO: Caroline Dokken Wendelborg/NIF

Sarah Louise Rung er saman med resten av landslaget for funksjonshemma på høgdetreningsleir i Flagstaff og førebur seg til VM i Mexico for augneblinken.

I samband med VM har IPC intervju Rung som ei å følge med. Med fire titlar frå Glasgow i 2015  er ho den konkurrentane må slå - utan at den norske jenta er klar for å gi frå seg titlane enno.

- Eg veit at eg går inn i konkurransen med mål om å forsvare VM-titlane, seier Rung i intervjuet.

VM går på 2250 meters høgde, omtrent det landslaget no trenar på i Flagstaff.

- Heldigvis har laget vårt og eg gode erfaringar frå tidligare års trening i områder på høg høgde, slik som Flagstaff og Sierra Nevada. Derfor veit eg kva eg kan forvente.

Les heile intervjuet på Paralympic.org.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter