simma_logga_2017

Henrik med sin fjerde beste 1500

Henrik Christiansen avslutta bra og svømte inn til femteplass på 1500 meter fri i svømme-EM. 14.56,47 er hans fjerde beste prestasjon på distansen nokonsinne ifølge medley.no.

VM i Budapest i fjor, Rio-OL og då han sette norsk rekord under Swim Open Stockholm i 2016 er dei tre gongane han har svømt raskare. Det er sterkt, når ein veit trøbbelet Henrik har hatt denne våren. Det er også godt nytt for 800-meteren seinare, normalt sett hans sterkaste distanse.

Henriks norske rekord er 14.53,77, som også det ville vore over ti sekunder bak medaljenivå. Florian Wellbrock vant på 14.36,15 etter ein tett duell med Mykahjlo Romantsjuk.

– Det var tidlig klart at medalje  ikkje var innen rekkevidde. Eg forsøkte å svømme mitt eget løp og drite i dei andre. Eg gikk for pers, men klarte ikkje det. Det kan hende eg manglar litt konkurransetrening etter skulderskaden, sa Christiansen til NRK.

Emilie Nyenget Løvberg fekk sjansen i semifinale på 200 meter butterfly, og svømte den på 2.15,50 - noko som ga ein 14. plass. Heilt fullklaff er det ikkje, når Løvberg var over to sekund over pers - og også eit sekund svakare enn i forsøket.

PS: Til no har oppdateringane frå EM i hovudsak kome på Facebook - men no vil det kome oppdateringar her på Simma også.

Etiketter: svømming em langbane

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter