simma_logga_2017

Blume får kritikk av forbundet etter bisarr semi

Pernille Blumes semifinale på 100 meter fri i EM var av det spesielle slaget.

Den danske sølvvinneren på 50 meter fri bestemte seg for å prøve å svømme så fort som mulig første 50 - og slo handa i veggen på tida 23,98. Deretter tok ho ei vending i overflata og fullførte distansen. Det blei imidlertid, ikkje overraskande, for tøft til at ho skulle klare å ta seg vidare til finalen. Sluttida 54,71 ga ein sjetteplass i hennar semifinale.

Noko slikt kan ein sjå på mindre stevner, der ein skal prøve å kvalifisere seg til store mesterskap, og anser sjansen til å klare det best på den halve distansen - men aldri i ein EM-semfinale. Det forbausar berre ikkje alle rundt, men også det danske svømmeforbundet, som kritiserer Blume.

Trenarane og sportssjefen hevdar dei hadde gått gjennom eit heilt anna løpsopplegg heile tre gongar med Blume. Dei trudde den hurtige sprinteren var einige med dei.

- Derfor kommer det meget overraskande på oss det vi opplevde i kveld. Eg og EM-trenarstaben er djupt forundra over den prestasjonen som Pernille Blume leverte på 100 meter fri, seier sportssjef i Dansk Svømmeunion, Lars Green Bach, i ei pressemelding.

- Eg ville gjerne svømme raskt. Eg ville slå handa i veggen og sjå kva som ville skje dei første 50 meterane. Eg tok avgjerdsla sjølv. Så blei eg sliten, og då kan ein ikkje gjere så mykje. Nokre ting skal ein berre prøve, seier Blume sjølv ifølge danske BT.

Merkelige greier.... 

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter