simma_logga_2017

Henrik på 4. plass etter gutsy innsats

Henrik Christiansen. Her etter 400 meter fri. FOTO: Ellen Kessel/NIF Henrik Christiansen. Her etter 400 meter fri. FOTO: Ellen Kessel/NIF

Henrik Christiansen enda på fjerdeplass på 800 meter fri etter å ha gutsa i finalen. Med 7.46,76 var han berre to sekunder bak sin norske rekord - og ein solid innsats.

Han opna forrykande, og var etter 100 meter nesten sekundet foran passering til norsk rekord-tempo. Det holdt han fram til 400, men så begynte det å røyne på. 100 meter før slutt lå han på fjerdeplass, nokre tidelar bak Florian Wellbrock. Det klarte han ikkje å hente, for tyskaren hadde ein meget god spurt.

Mikhajlo Romantsjuk tok gullet på 7.42,96 foran Gregorio Paltrinieri 7.45,12 og Florian Wellbrock 7.45,60.

Christiansen kom inn til finalen nærmast med eit naudskrik, med berre 37 hundredelers margin, og hadde tydelig bestemt seg for å prøve.

- Eg tar dette som ein personlig seier etter den våren, og det mesterskapet eg har hatt, seier ein fornøgd Henrik Christiansen til NRK.

- Etter at eg ikkje persa på verken 400 eller 1500, og det forsøket eg hadde på 800, så er eg veldig fornøgd med dette, sjølv om eg gjerne skulle hatt medalje.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter