simma_logga_2017

Når EM-bølgene har lagt seg...

... kan ein konkludere med eit EM under pari for dei norske svømmarane.

Ein streng dom etter ein sølvmedalje til Henrik Christiansen, kanskje, men samstundes er både svømmarar og landslagssjef Petter Løvberg veldig tydelig på at det er personlege rekordar ein går for i slike store mesterskap.

Fasit der er ein personlig rekord på dei seks svømmarane: Markus Lie på (b-øvelsen) 100 meter rygg.

Henrik leverer så  godt ein kan forvente etter skadetrøbbelet han har hatt i vår. Ein sølvmedalje, ein fjerde- og ein femteplass - på tider ikkje veldig langt frå pers er heilt klart godkjent. Ein skal også huske på at det er vanskelegare å sette pers når ein allerede er på internasjonalt toppnivå. Klarer Henrik å halde seg skadefri framover, vil han fort ta det neste steget...

Det fins sjølvsagt fleire grunnar: Susann Bjørnsen innrømmer i ettertid at det ikkje har vore ein ideell treningsvår etter å ha starta studier. Markus Lie har også hatt nokre problemer med ryggen, mens Truls Wigdel mista heile meisterskapet med sjukdom. Tomoe Zenimoto Hvas kunne ha vore med for å heve den norske profilen, men prioriterer fornuftig nok annerledes.

Samtidig er det ingen tvil om at ein ikkje har truffe 100 prosent med toppinga, og så opptatt Petter Løvberg er av at ein skal prestere best, når det gjeld som mest, så vil det og må det utvilsomt evaluerast hardt.

Svømmarane sjølv er ikkje fornøgde, men det positive er at dei verkar revansjesugne, skal ein dømme ut frå sosiale medier.

- «I motbakke det går oppover» Slik oppsummerer jeg avslutningen av sesongen. Litt ferie nå før det er tilbake i bassenget for å gjøre jobben enda bedre til neste gang! #teamnorge, skriver Markus Lie på Instagram.

- Idretten er ærlig, hard og brutal. Mesterskapet gikk ikke som håpet, men kanskje litt som forventet. Treningen har ikke vært godt nok, og endringer må til for å nå nye mål! , skriver Susann Bjørnsen.

- Går ikke alltid som man vil, skriver Emilie Løvberg. 

Etiketter: svømming em langbane

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter