simma_logga_2017

- En wake-up-call

Etter eit EM under pari varslar landslagssjef Petter Løvberg evaluering. Han er som venta ikkje nøgd med resultata.

– Vi hadde eit fantastisk kortbane-EM i desember der 12 av 14 symjarar sette personlege rekordar, i tillegg til fleire norske rekordar. Det har vi ikkje klart å følgje opp denne sommaren. Det må vi ha ei grundig evaluering på, seier Løvberg til NRK.

– Eg tykkjer faktisk det er greitt at utøvarane møter litt motgang. Vi har hatt mykje positivt i norsk symjing over mange år. Men dette er vår «wake-up-call». Det at vi får ein på trynet må føre til at vi blir endå meir skjerpa og motivert til å gjere ein god jobb når vi kjem heim, seier Løvberg, som har ei klar melding til landslagssymjarane.

– Vi konkurrerer med utøvarar som jobbar steinhardt. Det må vi hugse kvar dag når vi står opp klokka fem for å trene. Vi må jobbe endå tøffare dersom vi skal henge med i internasjonal svømming, seier Petter Løvberg.


----------------------

Simma kommenterer:
Det er nok mykje sant i det landslagssjefen seier, og det er liten tvil om at resultata i vår/sommar kunne vore bedre.

Samstundes handlar det ikkje berre om å jobbe hardare. Det handlar også om å legge forholda stadig bedre til rette for utøvarar utanfor bassenget - og på den måten gjere det mogleg å trene hardare, bedre og samstundes restituere seg raskare...

Det handlar om treningsmoglegheiter og -tilbud, men også om økonomi. Profesjonaliseringa på trenersida er kome langt i Norsk Svømming - når får vi ei større profesjonalisering på svømmarsida og gode rammevilkår for fleire? 

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter