simma_logga_2017

Grindheim fikk tips frå legenden Popov

Alexander Popov og André Klippenberg Grindheim. Alexander Popov og André Klippenberg Grindheim.

Ei trening fredag blei av den spesielle sorten for André Klippenberg Grindheim - trenaren på kanten var den russiske svømmelegenda Alexander Popov.

Grindheim og trenar Øyvind Røsland er saman med færøyske Havnar Svimjifelag på treningsleir i Kranevo i Bulgaria, like ved Svartehavet. Røsland er engasjert av Torshavn-klubben som trenar denne veka, mens Grindheim er med for å førebu seg til eit eventuelt ungdoms-OL i oktober. For resten på Hamar er det oppstart komande veke.

Popov er sjølv i Kranevo med ein treningsleir for russiske barn og ungdomar, og tok 600 euro (ca. 5700 kroner) for ei trening med fotosession.

- Verdt pengene, sier Røsland.

-Han er en riktig «down to earth guy» , mange gode poenger og tips, flink å forklare. Basiskunnskaper som balanse, distanse pr. tak, effektivitet gjennom masse drills og scullingøvelser, 15 m gli fra push, 20 m fra start osv.

Alexander Popov var i ei årrekke verdas beste sprinter. Han hadde verdsrekorden på 100 meter fri langbane (48,21) frå 1994 til 2000, på 100 meter fri kortbane frå 1994 til 2004 (46,74), på 50 meter fri langbane (21,64) frå 2000 til 2008 og 50 meter fri kortbane (21,50) frå 1994 til 1998.

Færøyske In.fo har skrive om treninga også.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter