SE
DK
FI
NO
Navigering: Nyheter

Nyheter

!
Top News
Velkommen til SIMMA - Norge [ Les mer» ]
Terminliste, resultat, rekorder og ranking [ Les mer» ]
aug
01
 

Bergkameratene søker hovedtrener

Post created 0:00
Bergkameratene Svømming vokser jevnt, og vi har behov for å styrke trenerteamet i tråd med vår satsing på bredde og topp.

Stillingen inngår i et trenerteam ledet av et aktivt Sportslig Utvalg hvor trenerne med gruppeansvar møter, og som koordineres av styrets representant. 
Stillingsgraden kan tilpasses avhengig av kandidatens ønske, kompetanse, kapasitet og muligheter.

Vi kan tilby:
  • Utfordrende stilling i teknologibyen Kongsberg, kåret til Norges mest attraktive by 2014.
  • Konkurransedyktig lønn etter kvalifikasjoner.
  • Frihet til å påvirke stillingens innhold og klubbens sportslige retning.
Trykk på vedlegget for mer informasjon. Annonsen ligger ut august.




jul
31
 

Avslutta EYOF med magesjau og sjuandeplass

Post created 21:02
Norges EYOF-svømmarar har gjort ein fin figur i Tbilisi, til tross for at det kanskje har blitt ei litt dalande kurve. Det har ei naturlig forklaring...

Truls Wigdel
måtte bryte 1500 meter fri som ei følge av mageproblemer. Det har for øvrig prega den norske troppen undervegs i mesterskapet, eit mesterskapet som har blitt avholdt utandørs i 40 graders varme. Krevande forhold med andre ord.

Malene Rypestøl avslutta meget sterkt på sin 200 meter fri og blei nummer sju med 2.07,43. Siste 50 på 31,89 var det imidlertid berre to stykker i feltet som var klart bedre enn. Eit godt teikn for på disponering av løpet.

I går endte Rypestøl som nummer 11 i semifinalen på 50 meter fri med 27,39.

Tomoe Zenimoto Hvas blei fredag nummer 23 på 200 meter rygg med 2.12,47 - ny personlig rekord.

Andre resultat frå torsdag:
100 meter fri gutter:
26. Truls Wigdel, 53,07
100 meter rygg jenter: 32. Astrid Julie Halvorsen, 1.07,06
50 meter fri jenter: 21. Synne Hovden Eidheim, 27,60
4x100 meter fri mix: 9. Norge, 3.45,57
Splitter: Wigdel (53,56) - Hvas (53,43) - Rypestøl (58,81) - Hovden Eidheim (59,77)




 

Meir edelt SO-metall

Post created 20:50
Marcus Haus glad og fornøyd med to medaljer. FOTO: Caroline Dokken Wendelborg.

Special Olympics-gjengen har gjennomført gode verdensleikar og Marcus Haus tok sin andre medalje då han svømte inn til sølv på 200 meter fri.

Haus avslutta mesterskapet med femteplass på 100 meter medley.

Rona Hjelmstad blei nummer seks på 200 meter fri etter å ha vore uheldig og mista brillene.

Arja Johansens 100 meter bryst er einaste gjenværande øving for dei norske.


jul
29
 

EYOF dag 3

Post created 21:56
I FINALE: Malene Rypestøl. FOTO frå NM Langbane av Øyvind Thorsen. Se bildet i bedre kvalitet.

To norske finalesvømmarar på EYOFs tredje dag - ein dag der tidene kanskje ikkje heilt var som man drømte om. Utandørssvømming i solsteiken er kanskje ikkje dei enklaste forholda å prestere heilt på topp i.

Malene Rypestøl
svømte i kveld finale på 100 meter fri der blei det åttandeplass med sluttida 58,82 - halvsekundet bak semifinaletida. Tidlegare på dagen blei Rypestøl nummer 33 på 100 meter bryst - 1.19,11.

Tomoe Zenimoto Hvas var også i finalen, på 200 meter medley. Også han endte på åttandeplass med 2.09,50. I forsøket svømte Hvas litt fortare med 2.09,19.

Andre Klippenberg Grindheim nummer ti i forsøket på 200 meter bryst med 2.23,63. Det er eit par sekund svakare enn personlig rekord - som ville holdt til finale. Zenimoto Hvas var også med på denne øvinga og svømte inn til 2.24,08 - noko som ga delt 13.plass.

Astrid Julie Halvorsen var også eit stykke bak pers med 2.24,10 på 200 meter rygg. Dermed endte det med 12.plass for Halvorsen som likevel var førstereserve som en konsekvens av regelen om berre ein person frå kvart land.

Synne Hovden Eidheim svømte inn til 23.plass på 200 meter medley med ei tid rett rundt pers: 2.28,88.
jul
28
 

Ledig jobb i Oslo

Post created 21:25
Vedlagte filer
Er du et trenertalent med ambisjoner? Da er dette jobben for deg!

Oslo idrettslag Svømming er en klubb med høye ambisjoner og mål, hvor vi nå er på jakt etter et trenertalent med ambisjoner som ønsker å være med på utvikle klubben og seg selv som trener!

Les mer i vedlegget, eller ved å klikke på logoen ute til høyre.

Søknadsfrist: 16. august.


 

EYOF dag 2

Post created 20:55
Fleire finaleplassar på dag to av EYOF - og mykje bra svømming. Alle er i nærleiken av pers, men foreløpig manglast kronjuvelløpet som er prikken over i-en.

André Klippenberg Grindheim
blei nummer åtte på 100 meter bryst, med ei tid som var tett på pers, men på grunn av den elendige resultatservicen har vi ikkje tida for hand her...

Truls Wigdel
kom seg til finale på 400 meter fri til tross for ellevteplass i forsøket som ein konsekvens av at kvart land berre kan ha med seg ein person i finalen. Der viste Wigdel at med sitt rette nivå så høyrer han absolutt heime i finaleheatet.

Med 4.02,95 i forsøket og 3.57,38 viste Wigdel viktigheita av å vere vaken om morgonen. No endte det på femteplass for Madla-svømmaren etter ei tid like over pers.

Malene Rypestøl svømte 100 meter fri på 58,49 i forsøket og kvalifiserte seg med det til semifinale som nummer fem. I semifinalen blei det 58,38 - og ein femteplass inn til finalen i morgon.

Synne Hovden Eidheim blei nummer 24 på same øving med 1.00,22 - eit stykke over pers.

Det norske Mix medley-laget gikk til finalen som nummer åtte med 4.08,13. Splitter: Astrid Julie Halvorsen (1.08,67), Andre Klippenberg Grindheim  (1.04,25), Tomoe Zenimoto Hvas (57,19), Malene Rypestøl (58,02). Vi veit også at dei blei nummer åtte i finalen, men saknar resultatlister på nett.

Dei skal i teorien dukke opp her.

 

Gull og sølv i Special Olympics

Post created 20:42
Marcus Haus fulgte opp mestermøtet med Michael Phelps med å ta sitt eige gull då han svømte inn til seier på 100 meter fri.

Ein jublande glad Marcus. Foto: Karl Filip Singdahlsen (NIF)

Arja Johansen ville ikkje vere stort dårlegare og sikra Norges tredje medalje då ho tok sølv på samme øvelse. Rona Hjelmstad, som tok sølv på 100 meter rygg, tok fjerdeplass.

Dermed har alle dei norske tatt medalje i mesterskapet.

Arja Johansen jubler for sølv. FOTO: Karl Filip Singdahlsen

Sølvvinner: Rona Hjelmstad. FOTO: Karl Filip Singdahlsen

jul
27
 

EYOF Dag 1

Post created 20:45
Dei norske svømmarane i EYOF fikk ein flott start med gode prestasjonar i dag.

Truls Wigdel
enda på sjuandeplass på 200 fri etter 1.52,77 i finalen. I forsøket gikk det imidlertid enda fortare med 1.52,25 - ei verkelig god tid.

Andre Klippenberg Grindheim er klar for finale på 100 meter bryst etter 1.04,82 i semifinalen - her bør det kunne vere litt å gå på - han gjorde 1.04,26 på NM langbane. No hadde han sjette beste i tid i semifinalen, den tida ville holdt til fjerde beste. Medalje ser litt tøft ut, men målet må vere å kome ned mot pers.

Tomoe Zenimoto Hvas var også i semifinalen, men det på 100 meter butterfly. Han blei nummer 16 med 57,44.

Astrid Julie Halvorsen blei nummer ti på 400 meter medley med 5.07,63.

Her kan du sjekke alle resultat
 

Da Marcus møtte Michael

Post created 20:26
Marcus Haus fekk den store æra med å svømme på eit stafettlag saman med Micahel Phelps søndag. Svømmaren frå Eid Symjeklubb var ein del av ein håndfull svømmarar frå heile verda som fekk moglegheiten til det.

- Eg var heilt sjokkert over at eg endelig fekk sjå han i verkeligheita. Han er eit stort forbilde for meg, forteller Marcus.

Det er nok mange som kunne tenkt seg det same.

Norges Idrettsforbunds fotograf Karl Filip Singdahlsen tok desse bilda av seansen:










Rona Hjelmstad tok Norges første medalje i Special Olympics då ho svømte inn til sølv på 100 meter rygg!

Norges første medalje er et faktum!! Råsterke Rona Hjelmstad klinket til på 100 meter rygg og svømte inn til en imponerende sølvmedalje. Gratulerer så mye, Rona! :)

Posted by Special Olympics Norway on 26. juli 2015

 

EYOF

Post created 6:16
I dag starter svømmingen i Europeisk OL-festival for Ungdom (EYOF) i Tbilisi Georgia.

Dette er den norske troppen:
  • Astrid Julie Halvorsen, Skjetten svømming
  • Malene Rypestøl, Varodd SK
  • Synne Hovden Eidheim, BS-LK
  • Tomoe Zenimoto Hvas, Bærumsvømmerne
  • Truls Wigdel, Madla SK
  • André Klippenberg Grindheim, Karmøy SK

På tbilisi2015.com kan du finne meir informasjon om mesterskapet. Der er også en form for resultatservice, men vanskelig å si hvordan det blir eller fungerer. Eller hvem som svømmer hva i morgen...
jul
26
 

Irriterende svømmere...

Post created 12:31
jul
25
 

Special Olympics World Games

Post created 17:40


I dag er Rona Hjelmstad første norske kvinne i bassenget når ho svømmer 100 meter rygg under Special Olympics World Games i Los Angeles.

Svømmerne er klar til start og har netop inspiceret bassenget.Lørdag svømmer Rona forsøg på 100 m rygg mellem kl. 9.20-10.40

Posted by Rasmus Møller Jensen on 24. juli 2015

Vi har ikkje klart å spore opp noko resultatservice, men skal prøve å oppdatere via Simma utover i mesterskapet.

I tillegg til Hjelmstad er Arja Johansen og Marcus Haus med i leikane.

OVERSIKT OVER NÅR VÅRE SVØMMERE SKAL I AKSJON (klokkeslett i lokal tid)

DATO

ØVELSE

 

KL. SLETT

UTØVER

25.juli

100 m rygg

Forsøk

09.20-10.40

Rona

 

 

 

 

 

26. juli

100 m fri

Forsøk

09.30-10.30

Rona, Arja

 

100 m fri

Forsøk

10.30-11.45

Marcus

 

100 m rygg

Finale

14.00-19.00

Rona

 

 

 

 

 

27. juli

100 m fri

Finale

14.00-19.00

Rona, Arja og Marcus

 

 

 

 

 

28. juli

200 m fri

Forsøk

10.50-11.30

Rona

 

200 m fri

Forsøk

11.30-12.10

Marcus

 

 

 

 

 

29. juli

100 m medley

Forsøk

11.40-12.00

Marcus

 

200 m fri

Finale

14.00-19.00

Rona og Marcus

 

 

 

 

 

30. juli

100 m bryst

Forsøk

12.05-12.30

Arja

 

100 m medley

Finale

14.00-19.00

Marcus

 

 

 

 

 

31. juli

100 m bryst

Finale

14.00-19.00

Arja



 

Svømme-VM i gang

Post created 17:06


VM i svømmeidrettane starta i dag i Kazan, etter opningsseremonien i går.

Stuparen Daniel Jensen bærte flagget for Norge og det er stup, synkronsvømming og havsvømming som er først i gang.

I dag var det fem kilometer for kvinner og menn i det opne vatnet. Begge øvingane blei avgjort etter spurtoppgjer.

Resultater, kvinner:
1. Haley Anderson, USA, 58.48,4
2. Kalliopi Arouzou, Hellas, 58,49,1
3. Finnia Wumram, Tyskland, 58,51,0

Herrer:
1. Chad Ho, Sør-Afrika, 55.17,6
2. Rob Muffels, Tyskland, 55.17,6 (dømt etter)
3. Matteo Furlan, Italia, 55,20,0

Bassengsvømminga startar først neste søndag.

Der har Norge som kjent med følgande tre deltakarar: Henrik Christiansen, Lavrans Solli og Cecilie Waage Johannessen.

I tillegg til Jensen stiller Norge med stuparane Espen Gilje Bergslien, Espen Valheim og Filip Devor.

Eurosport og NRK sender frå mesterskapet.

Det er også Masters-VM i Kazan rett etter svømme-VM. Det mesterskapet er uvanlig tynt besatt frå fleire land - og frå Norge er det berre to med: Håkon Skaarud Karlsen og Knut Ivan Rasmussen.

PS:
Vi anbefaler å gå inn på Simma Sverige og lese om FINA-pamperiet. Det har mykje til felles med det som skjer i FIFA, men går meir under radaren - ettersom det ikkje er ein like populær sport.

Nyhetsarkiv

2015
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2014
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2013
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2012
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar
2011
 - desember
 - november
 - oktober
 - september
 - august
 - juli
 - juni
 - mai
 - april
 - mars
 - februar
 - januar

annonser
annonser
Stevner
Kong Fredrik Outdoor Open - Fredrikstad 29.-30.august.

Påmeldingsfrist 19. august.
Treningsleirer
Ledige jobb
Bergkameratene søker ny hovedtrener. Klikk på logo for mer informasjon.

Annonsen ligger ut august.
OI søker trener med ambisjoner.

Søknadsfrist 16. august - klikk på logoen for mer informasjon.
I denne spalten kan dere reklamere for stevner dere arrangerer, legge inn jobbannonser, reklamere for treningsleirplasser, kurs og konferanser. Send en e-post til simmanorge@gmail.com for å få vite mer.
Laster... Laster...