Navigering: Nyheter » Viser alle nyheter fra juli 2012
Viser alle nyheter fra juli 2012
jul 30
OL II
Post created 17:18
Ingen nordmenn i aksjon sidan sist, men her er nokre OL-høgdepunkt sidan sist oppdatering.
Frankrike fekk revansj etter 4x100 fri. Den gong var dei store favorittar og tapte for USA på siste etappe etter ei fantastisk avslutning av Jason Lezak. Denne gong var dei outsidarar og vant etter ei fantastisk avslutning av Yannick Agnel.
Det var dog ikkje USA som var dei største favorittane. Det var det Australia som var. Dei svikta då det gjaldt som mest, og ein må stille spørsmålet om dei ikkje kjente presset frå den svømmegale heimenasjonen... Før OL uttalte ein australsk trenar at dei måtte berre sørge for å ikkje gjere noko dumt, så skulle dei nok ta gullet heim. Det er litt dumt at James Magnussen svømmer ett sekund over årsbeste på førsteetappe.
Også forfriskande at Ryan Lochte blir slått på sisteetappe. Det er bra for svømmesporten med fleire som kan levere og at spesialistane er betre på det dei er gode på enn allroundarane som er god på mykje. Lochte er god på start og vendingar, men bortsett frå det ser sjølve crawl-svømminga ikkje så imponerande ut som i fjor.
Forbannelsen av to OL-gull på rad Michael Phelps fekk ein liten opptur med si etappe på 47,1, men såg ikkje imponerande ut i forsøket på 200 meter butterfly. Siste 50 såg stakato og hakkete ut, men kan ha lurt oss? I tilfelle har han mulighet likevel til å bli førstemann med tre OL-gull på rad i samme øvelse.
Det klarte nemlig ikkje Kosuke Kitajima på 100 bryst. Han tok ikkje ein gong medalje. Er det ein forbannelse å jakte sitt tredje OL-gull på rad?
UTSIKT: Ti rader frå taket på London Aquatic Centre. I Norge T-skjorte Jon Marius Rønning, og til venstre Ronnie Anstensen.
For oss nordmenn var det gledelig at Cameron van der Burgh, den av finalistane i OL som kanskje stod Alexander Dale Oen nærast tok sigeren på hans øving. Norgesvennen van der Burgh som har lært kva hard trening er, på fleire besøk hjå Alex i Bergen. Eit imponerande løp på verdsrekordmanèr, og etterpå hedra han Dale Oen i fleire intervju. Sterkt øyeblikk i London Olympic Aquatic Centre.
Også imponerande at comeback-Brendan Hansen tok bronsemedaljen.
Verdensrekordar igjen! Dana Vollmer satt også verdensrekord på 100 meter butterfly. Første kvinne under 56 sekund, etter tre jevne og gode løp. Det betyr at vi har fått tre individuelle verdsrekordar i OL, mot to langbanerekordar i heile perioden mellom 2010 og til desse leikane.
Det er jo gledelig.
Debatten rundt Shiwen Ye sin fantastiske avslutning på 400 medley rasar vidare, SwimNews drar fram dopingspøkelset igjen, mens Ye tangerte sin tekstilbeste i verden på 200 meter medley i forsøket mandag formiddag.
OL er alltid full av overraskelsar, og ein av dei er utvilsomt Ruta Meilutyte. Den litauske jenta, som bur og trenar i Storbritannia, persar med over to sekund og set europeisk rekord på 100 meter bryst.. Etter forsøket grein ho så tårene rant, mens etter semifinalen var ho meir fatta.
Kan ho snyte Rebecca Soni for gullet? Vil vel vere noko irriterande for ho om ein 15-åring kjem frå ingenstad og slår den dominerande gjennom ei årrekke.
Ikkje nordisk suksess Svenskane har heller ikkje fått fullklaff. Sarah Sjöström ser ut som ein skygge av seg sjølv, tok ikkje medalje på 100 butterfly og dei må krysse fingrane for at Therese Alshammar blir klar, ellers kan dette bli magert.
Då er danskane kanskje litt meir fornøgd, sjølv om Jeanette Ottesen ikkje kunne holde på ledelsen frå første 50 på butterflyen. Lotte Friis blei nummer fire på 400 fri, i ein finale der vi kanskje hadde trudd at Muffat/Schmitt skulle utfordre verdensrekorden. Den fikk likevel taket til å løfte seg då Rebecca Adlington svømte inn til bronsemedalje, til ellevill begeistring for heimefansen.
Humorkongen Vi avsluttar med Simma-favoritten Markus Rogan. Vi tvilar vel på at han kan utfordre Ryan Lochte, Michael Phelps på 200 medley, men østerrikaren skyr i alle fall han ingen midlar.
I eit intervju før OL uttaler han at han er 10 gongar smartare enn Lochte, noko som er fordel Lochte i bassenget fordi han slepp å tenke så mykje. I tillegg "avslører" han at han drikker blod før han skal konkurrere. Dette for å forandre "ein sau til ei løve", men mest fordi det ser kult ut.
«Eg jobbar berre to minutt kvart fjerde år, men eg må bruke over 1000 timar for å forberede meg.» - Markus Rogan
jul 29
OL-åpninga
Post created 14:57
Start 200 fri forsøk. Ryan Lochte bane 4, Sun Yang bane 5. Delar av Simmas redaksjon er i London, og her veit hotell og arrangørar å ta seg betalt for internett.. derav sparsommelig med oppdateringar, men litt skal vi no få kome med.
Vi regnar med at svømmeinteresserte følger sendingane på NRK og/eller Eurosport, men vi skal dissekere dei norske løpa - som så langt har vore under pari.
Ingvild Snildal var første norske ut i konkurransebassenget i London - og det gjekk vel ikkje slik verken ho eller vi håpa. Ein til Ingvild å vere dårlig start - sakte ut frå pallen, og ikkje like bra undervassarbeid som vanlig, leda ut eit løp som var rotete frå start til slutt.
Frå tribuneplass såg det ut som manglande rytme og ikkje normal kraft i svømminga til Ingvild. Har skulderskada sett ho meir tilbake enn ho sjølv trudde? Ho har svømt fort på trening, og har ein sjanse til. 200 butterfly er på tirsdag, og setter ho norsk rekord der er ikkje semifinale heilt utenkelig.
Ingvild var fortvilt etter målgang, men rapportane går på at ho er begynt å kome over skuffelsen. Vi håpar ho snur det til noko positivt.
Sara Nordenstam var også i aksjon på lørdag. 400 meter medley var meir brukt for å kome i gang og å teste brystformen. Derfor ser vi litt stort på slutt-tida 4.51, og bryr oss meir om brystdelen som gjekk 1.17,12.
Vi hadde vel helst sett at brysttida var enno litt bedre, ned under 1.16,5 - basert på at ho gjorde 1.17 i 400-medleyen på NM også, men formen er i alle fall ikkje dårlig. Litt høgare i vatnet og litt meir kraft i taket på 200 meter bryst, så blir det bra det.
Lavrans Solli klar til start i sitt heat
OL-debutant Lavrans Solli har vel levert det beste enkeltresultat. 55.00 er 17 hundredeler over norsk rekord, i et løp som ligna veldig på EM-gjennombruddet hans, men var litt saktare først 50.
I EM gjorde han 26,51-28,32, i dag: 26,67-28,33. Uansett, klart godkjent for Solli, som forhåpentlig brukar det eine OL-løpet han fekk til ny moitvasjon til ytterligare framgong i åra som kjem.
Ellers er vel hovudoverskriftene så langt:
Michael Phelps fekk IKKJE medalje på 400 medley. Han svømte to sekund saktare enn under det amerikanske OL-uttaket... Tegn på kva som er i gjerde? Er formen så dårlig? Kan han slite med å ta gull i det heile? Han vinner vel 100 og 200 butterfly...
Apropos 400 medley: Lazslo Cseh svømte etter Phelps si fart i forsøket, endte som nummer to i sitt heat og rauk ut av finalen, med sju hundredelar. Begge to kunne røke ut, og der tapte Cseh mest sannsynlig ein medalje. Dette viser to ting, som gjelder i OL - og på NM...
1. Er du i det første seada heatet må du helst svømme litt raskare enn du trur du må. 2. Er det ein jamn kamp i eit seada heat er det veldig greit å slå først i mål. Det KAN faktisk avgjere om du går i finale eller ei.
Heimefavoritten Rebecca Adlington holdt på å gå på same smell søndag formiddag på 400 fri. Det hadde vore krise for Storbritannia.
OL-tavle
Krise ER det for Tyskland. Paul Biedermann ikkje til finale på 400 fri. Jentelaget ikkje til finale på 4x100 fri, og godaste Biedermann såg ikkje bra ut i forsøket på 200 fri.
Kina har levert to av dei største enkeltprestasjonane: Shiwen Ye satt verdensrekord på 400IM, med fantastiske 58,68 på siste 100 meter crawl. Då Ryan Lochte vant herredistansen hadde han 58,65... Siste 50 var jenta raskare.
Sun Yang var berre sju hundredelar frå verdsrekorden på 400 fri. Etterpå var han glad, men også forbanna.
Det har også vore fleire gode prestasjonar, til dømes: Dana Vollmer har vore nær verdsrekorden på 100 butterfly to gongar, og Emily "C-bomb" Seebohm var nær 100 rygg i forsøket. Begge to har fleire forsøk.
I kveld er det også ein spesiell finale for oss nordmenn. 100 bryst-finale for herrar. Cameron van der Burgh imponerte kollosalt i semifinalen med 58,8. Kor mykje har Kitajima å gå på?
På grunn av ferieavvikling og anna er oppdateringsfrekvensen på Simma ikkje heilt som normalt for tida.
Vi kjem, som vanlig, sterkt tilbake...
jul 22
En himmel full av stjerner
Post created 19:38
Andreas Selliaas er svømmepappa og skriv ein av Norges beste sportsbloggar.
Gjennom Sportens uutholdelige letthet sin siste bloggpost viser han igjen kvifor då han skriv om 22.juli, Alexander Dale Oen, og OL.
Under NM i svømming var Selliaas frivillig, og dit tok han også med seg familien. Her er eit utdrag derfrå:
«Små barns sorg. Sønnen min ønsket ikke å se på
svømme-EM i Budapest og hadde heller ikke lyst til å dra på svømme-NM i
Tøyen-badet for et par uker siden. Aleks skulle ikke svømme! En
alvorsprat om at livet må gå videre også for triste 10-åringer gjorde at
han ble med. Som premiebærer på seiersseremoniene fikk han æren av å gi
medaljen til den unge lovende svømmeren Lavrans Solli. Nå gleder poden
seg til sommer-OL. Han har fått en ny helt! Ting forandrer seg raskt
også for småfolk som er lei seg.»
Det har kome nokre innlegg vedrørande OL-uttaket på våre debattsider.
Mellom anna har tidlegare svensk landslagssjef Thomas Jansson sagt sin mening i saka: særforbunda bør ta ut utøvarane sjølv, utan innblanding frå eit sentralt organ.
I tillegg er det kome eit innlegg til forvar for friidretten sitt uttak.
Etter at Simma skreiv at fleire norske svømmerar fikk invitasjon til leikane i London, utan at dei fekk reise, har tilbakemeldingane strømma på. Det siste norske uttaket til OL har skapt ei enno større harme i svømmemiljøet.
Det er fullt ut forståelig at svømmerar kjenner seg forbigått då friidrettsutøverar som knapt har klart B-kravet på si øving, utan sjanse til å nå Olympiatoppen sitt krav om at ein skal ha sjanse på 12-16.plass, blir tatt ut til OL.
Dei færraste av dei er unge nok til å gå under ungdomskvota heller.
Vi har norske svømmerar som har svømt under B-kravet på sine distansar fleire gongar enn dei kan telle på fingrane.
At det kjennes surt å sjå friidretten sende så mange utøverar utan reelle muligheiter er sjølvsagt.
Spørsmålet er kvar peikefingeren skal rettast.
Somme vil hevde svømmeforbundet. Hadde svømmeforbundet innstilt alle utøverar med B-krav og som blei invitert, til OL ville mest sannsynlig fleire svømmerar vore med.
Dermed, vert det sagt, øydelegg NSF for drømmen til norske svømmerar om å kome med til OL. Spørsmålet er om det er NSF si oppgåve å innfri drømmar, eller om dei har ei kritisk oppgåve opp i det heile - å levere toppresultat?
Somme vil hevde friidrettsforbundet. At det er desse som har ansvar for dei som dei sender til leikane, og at dei kjem dårlig ut av det, med så mange middelhavsfararar (og knapt nok det.)
NFIF satsar nok på den auka eksponeringa som mange utøverar i OL gir, og mange hevdar at det er eit spor svømmeforbundet også burde lagt seg på. Spørsmålet er om det tjenar saken med mange "skuffande" prestasjonar?
Fleire i friidrettstroppen kan levere sitt livs prestasjonar utan at nokon andre enn nordmenn legg merke til det.
Til sjuande og sist er det Olympiatoppen som sit med ansvaret. Det er dei som står som ansvarlig for uttaket.
Underteikna meiner det bør vere slik at alle særforbund, som NSF, er lojale ovanfor det Olympiatoppen sei er OL-kravet; ein realistisk moglegheit til topp 12-16.
Om forbund så openbart IKKJE er det som NFIF i dette tilfellet, bør OLT sette foten ned - og ikkje ta ut rubbel og bit. Kjem ein ikkje til semifinalen i eit svakt EM i friidrett ein månad før leikane - korleis skal ein då kunne kome så langt i eit OL?
Det er ikkje det at Simma ikkje ønsker å sjå fleire nordmenn i London Olympic Aquatics Centre - det er eit prinsippspørsmål. NSF tar også sjeldan ut utøvarar til meisterskap kun for å fylle kvoter, eller å ha flest mogleg med - dei tar ut svømmerar for å prestere.
Å opne opp for at særforbund sjølv skal velge kven dei vil sende til OL er heller ikkje vegen å gå. Det er garantert nokon som vil utnytte det og sende mange som ikkje akkurat kan levere toppresultat.
Det er toppidrett ein driv med, ikkje turisme. For ein idrettsnasjon som Norge bør OL vere toppidrett og kun det. Toppidrett i seg sjølv er urettferdig, folk har ulike forutsetningar, genetisk, sosialt og økonomisk for å drive, - men den forskjellsbehandlinga som friidrettsforbundet ser ut til å ha fått i denne saka er uheldig.
Og det er det Olympiatoppen som må ta ansvar for. Det er dei som sender nordmenn over til andre sidan av nordsjøen.
Dei skapar ein dårlig presedens om dette er representativt for nivået Norge skal ligge på i åra som kjem.
/SES
Har du meiningar i saka? Du finn dette innlegget i vår debattseksjon som du finner ved å klikke på debatt-fana i menyen øverst på sida.
jul 17
Snildal intervjues på TV2 Sport
Post created 17:33
I kveld kan dere se Ingvild Snildal bli intervjuet direkte fra pre-campen i Kroatia på TV2 Sport ca 20.15. TV2 Sport er gratis på tv2sumo.no, så har du nett, så kan du se det der.
jul 16
Internasjonal mandagsrunde
Post created 20:25
12 dagar igjen til OL-svømminga startar i London.
Her kan du sjå alle som er invitert og har takka ja til ein plass i svømminga under OL i London.
Det nærmar seg med andre ord - og forhåndsspådommane er begynt å strømme inn. Av dei bedre og mest relevante med norske auge er det USA Swimmming skriv om 100 bryst for herrar.
«The event has a smorgasbord of storylines: A 28-year-old cancer survivor. A 30-year-old comeback kid. A two-time defending Olympic champion going for an unprecedented third gold. A Japanese teammate attempting to knock off his own nation’s superstar. A whole field within grasp of the Olympic title. And a tragic and untimely loss of a world champion.»
Dagens Rogan
12 dagar før OL-start, og dette er det Simma-favoritten Markus Rogan tenker på:
Wouldn't it be weird (think retro-copyright infringement) if somebody found a tale of a chinese donkey named kong?
Australia Australia har ankome England, og har treningsleir i Manchester. Det kan du sjå bilde av på Facebook.
James Magnussen har i alle fall ikkje shava enno.. (Foto: Australian Swim Team/Facebook)
Danmark Danskane arrangerte dansk mesterskap på langbane i dagane som gjekk. Mesterskapet var litt amputert som følge av dei danske stjernene si OL-oppladning.
OL-svømmer Rikke Møller-Pedersen klarte likevel å sette sinnene i kok under mesterskapet. Først kvalifiserte ho seg til finalen på 200 rygg. Deretter stilte ho opp i finalen og starta på vanlig møte, før ho snudde seg rundt og svømte BRYST!
Debatten rasar i vårt naboland i sør, og Simma Danmark har havna i media for sitt oppgjer med landslagsleiinga sin arroganse ovanfor det nasjonale mesterskapet. Og det er då unektelig noko ein rett og slett ikkje gjer... Sjekk Simma.nu/dk for meir info.
jul 14
NM-stemning
Post created 14:05
Øyvind Thorsen var som vanlig tilstede med sitt gode kamera og kyndige fotoegenskapar på NM - og om du vil sjå tilbake litt korleis det var anbefalar vi deg å klikke deg inn på lsvk.zenfolio.com.
Der finner du dette og 840 andre bilder frå NM som avslutta tirsdag.
jul 12
Trenerskifte i Hamar IL
Post created 22:56
Annonsen til Hamar IL på Simma.nu har gitt resultat. No har dei ansett ein ny hovudtrenar.
Magnus Brathagen Lindhjem kjem frå ein trenarjobb i Oslo IL, og har tidlegare jobba for både Delfana og Lambertseter.
Lindhjem har trener to kurs, og i tillegg i ferd med å fullføre ei bachelorgrad i trening, coaching og idrettspsykologi på idrettshøgskolen.
Det viktigaste arbeidet blir å auke rekrutteringa i den tradisjonsrike klubben, og som dei skriv på Hamars nettsider:
Til HA-sporten 12.7.12 uttaler han at han ønsker å bidra med godt miljø
og god treningskultur, og er veldig interessert i teknikk og hvordan man
utvikler teknikk
Tidligere hovedtrener i Hamar, Glenn Cudmore, vil frå hausten gjenforenast med tidlegare trenarkollega i Stavanger SC, Alexander Hagenes i Aalesund.
Dette står på AASLK sine heimesider. Cudmore vil hovudsaklig bli ungdomsutviklar i nordvestlandets beste svømmeklubb, som definitivt satsar...
Ønsker du å annonsere på Simma? Ta kontakt på e-post for en uforpliktende forespørsel simmanorge@gmail.com
To nye svømmerar til Paralympics
Post created 22:24
Mina Marie Heyerdahl Klausen (Drammen) og Marianne Fredbo (Vågsbygd) blei begge tatt ut til Paralympics i London, i det som var siste sjanse til uttak.
Dermed er det totalt sju norske svømmerar som skal til London i sommar.
I tillegg til Sarah Louise Rung og Mariann Vestbøstad Marthinsen er no altså Klausen og Fredbo klar for Paralympics.
I tillegg er sjølvsagt Ingvild Snildal, Lavrans Solli og Sara Nordenstam klar for OL same stad.
jul 09
Halvveis i NM Langbane
Post created 9:50
Då er det duka for dag tre på NM langbane 2012.
Husk at du kan kan lese alt du trenger om mesterskapet så langt, og det som kommer til å skje på svømmeforbundets nystarta stevneside: stevne.medley.no.
Sara Nordenstam. Bilde: Norges Svømmeforbund
jul 08
Norge beste guttenasjon på NUM
Post created 15:25
Norge blei tredje beste nasjon under Nordisk ungdomsmesterskap i Bellahøj, Danmark, denne helgen.
Særlig guttesiden leverte ein imponerande prestasjon med totalt 11 gull.
Henrik Christiansen frå LRK leverte den kanskje beste prestasjonen, med juniorrekord første 800 av 1500-meteren, som han vant. I tillegg vant Christiansen 400 og 200 fri.
Rasmus Skjærpe vant 200 IM og 100 butterfly, mens Morten Hollund vant 200 butterfly.
Armin Porobic vant 100 rygg og tok sølv på 50 rygg, som Marius Solaat Rødland vant. Rødland vant også 50 butterfly.
Når gutane då i tillegg vinn to av tre stafetter, så tar Simma-redaktøren sjansen på å utnevne Norge til beste guttenasjon.
Poengmessig endte Norge 35 poeng bak Danmark og 87 bak Sverige. Det er neppe ofte vi er så nære.
jul 07
Farkas nær EM-finale.
Post created 14:43
Klara Farkas blei fredag nummer ni på 100 butterfly under EM junior i Antwerpen.
Med 1.01,79 var Lørenskog/Rælingen-jenta 0,63 sekunder fra finale i junior-EM. Synd.
Norges Svømmeforbund opplyser på Facebook-sider at Christian Tronvoll opplever litt trøbbel med sår hals. Vi krysser fingrene for at det ikke setter kjepper i hjulene for en god prestasjon på 50 fri søndag. Der er Tronvoll finalekandidat.
jul 06
Følg NM i svømming...
Post created 9:00
... på en helt ny måte.
Norges Svømmeforbund og Simma-redaktør Sander Englund Smørdal har inngått et testsamarbeid om en stevneside for NM i svømming, som skal lette resultatinformasjon for deg som publikum, enten du er tilstede eller ikke.
Med lett tilgang til livetiming, web-streaming og resultater i tillegg til løpsomtale og møter med personer tilknyttet svømme-Norge "på kanten" blir dette en portal for alt du trenger å vite om NM Langbane 2012.
Klikk deg inn på stevne.medley.no og les forhåndsomtale. I tillegg deler landslagssjefen hva han ser mest frem til med NM i år, og hva som er hans beste NM-minner, på kanten.
jul 05
Stiberg og Johannessen invitert til OL...
Post created 19:27
Katharina Stiberg. Både Katharina Stiberg og Cecilie Johannessen har fått offisielle invitasjonar av FINA til å delta i OL, som følge av at dei er blant dei ni beste på si øving, av dei som ikkje har OL-kravet.
Det kjem fram av denne lista på FINA.org. Likevel blir det neppe London-tur for dei to.
EDIT: Navna deira er no fjerna frå listene - antakelig fordi Olympiatoppen har gitt beskjed om at dei ikkje skal...
Begge to er markert med asterisk - dei må bli godkjend av den norske uttakskomitèen. Det blir dei mest sannsynlig ikkje.
Katharina Stiberg skreiv på si heimeside at det ikkje blir noko OL på ho, og vi har ikkje hørt noko om Cecilie Johannessen. Dei norske krava er jo slik at skal ein kome med på b-krav må ein vere i kategorien talent - og sjølv om Katharina Stiberg utvilsomt er talentfull er ho blitt 24 år.
Då var det kanskje større håp for 22 år gamle Cecilie men formkurva peikte kanskje feil vei. Om ho hadde gjort 1.59 under EM istedenfor i Desember kunne ting sett annerledes ut, kanskje..
/SES
Tronvoll perset
Post created 19:18
Christian Tronvoll viste imponerende takter under junior-EM i svømming torsdag.
Selv om trønderen endte på 47.plass med 52,42 på 100 fri satt han en imponerende personlig rekord. Tronvolls tidligere bestenotering lyder på 54,30! Personlig rekord med nesten to sekunder på et junior-EM er imponerende utvikling.
Det lover også godt for 18-åringens hoveddistanse 50 fri på søndag, der er han på et langt høyere nivå - men det er klart at på lang sikt er det å kunne svømme 100 fri også bra for hans svømmekarriere.
Norges andre deltager, Klara Farkas, var ikke i aksjon i dag.
Rogaland svømmekrets i samarbeid med lokale svømmeklubber inviterer til Stavanger Open Water i Stokkavannet 18.august.
Det konkurreres i fire klasser;
Ungdom (Født 1997-1999): 1000 meter
Junior (Født 1993-1996): 2000 meter
Elite (Åpen klasse): 5000 meter
Mosjon: Ulike klasser, valgfri distanse av de tre over, uavhengig av nivå.
For ytterligere informasjon om påmelding og lignende se vedlegg (på norsk og engelsk) eller klikk deg inn på stavangeropenwater.no
Invitasjonen finner du klikkbar i høyrespalten frem til 5. august.
jul 04
JR-EM: Farkas nummer 15
Post created 20:50
Klara Farkas. (Foto: Øyvind Thorsen)
Klara Farkas (LRK) endte som nummer 15 på 200 butterfly under junior-EM i Antwerpens første dag.
Med 2.19,68 i semifinalen var Farkas halvsekundet over sin eigen personlege rekord, og ho måtte ha svømt under 2.17,54 for å få plass i finalen i det tøffe selskapet.
Positivt var det å sjå at ho forbedra seg frå forsøket - ned frå 2.19,92.
Christian Tronvoll (Vestbyen) var også i aksjon. Han blei nummer 48 på 50 butterfly etter 26,91. Det er nesten ni tidelar over Tronvolls personlige rekord (26,02) så det var ingen optimal start på mesterskapet for Tronvoll som har favorittdistansen 50 fri på stevnets siste dag.
Phelps - Lochte 3-1, men det var bare treningskampen...
USA
Nesten alt i internasjonal svømming har handlet om det amerikanske OL-uttaket som avslutta natt til tirsdag norsk tid, og dette er det amerikanske OL-laget, med øvelser.
Men: Alex Meyer – 10K Open Water Ryan Lochte – 200 Back, 200 IM, 400m IM, 200 Free, 800 Free Relay Peter Vanderkaay – 400 Free Brendan Hansen – 100 Breast Michael Phelps – 200 IM, 400 IM, 100 Fly, 200 Fly, 800 Free Relay Ricky Berens – 200 free, 800 Free Relay, 400 Free Relay Conor Dwyer – 400m Free, 800 Free Relay Matt Grevers – 100 Backstroke, 400 Free Relay Scott Weltz – 200 Breast Clark Burckle – 200 Breast Nathan Adrian – 100 Free, 400 Free Relay Cullen Jones – 50 Free, 100 Free, 400 Free Relay Eric Shanteau – 100 Breast
Nick Thoman – 100 Back Tyler Clary – 200 Fly, 200 Back Tyler McGill – 100 Fly Anthony Ervin – 50 Free Andrew Gemmell – 1500 Free Connor Jaeger – 1500 Free Jason Lezak – 400 Free Relay Jimmy Feigen – 400 Free Relay Matt McLean – 800 Free Relay Charlie Houchin – 800 Free Relay Davis Tarwater – 800 Free Relay
Women: Haley Anderson – 10K Open Water Elizabeth Beisel – 200 Backstroke, 400 IM Dana Vollmer – 100 Fly, 800 Free Relay Allison Schmitt – 400 Free, 200 Free, 400 Free Relay, 800 Free Relay Missy Franklin – 100 Free, 200m Free, 100m Backstroke, 200 Backstroke, 200 Free, 400 Free Relay, 800 Free Relay Breeja Larson – 100 Breaststroke Lauren Perdue – 800 Free Relay Caitlin Leverenz – 400 IM , 200m IM Cammile Adams – 200 Fly Kathleen Hersey – 200 Fly Claire Donahue – 100 Fly Chloe Sutton – 400 Free Rachel Bootsma – 100 Back Rebecca Soni – 100 Breast, 200 Breast Ariana Kukors – 200 IM Micah Lawrence – 200 Breast Jessica Hardy – 50 free, 100 Free, 400 Free Relay Kara Lynn Joyce – 50 free Lia Neal – 400 Free Relay Katie Ledecky – 800 Free Kate Ziegler – 800 Free Amanda Weir – 400 Free Relay Natalie Coughlin – 400 Free Relay Shannon Vreeland – 800 Free Relay Alyssa Anderson – 800 Free Relay
Den store interessen har selvsagt vært rundt duellen mellom Michael Phelps og Ryan Lochte. Lochte tok første stikk med seier på 400 medley, mens Phelps vant den interne duellen på 200 fri, 200 medley og 100 butterfly.
I ettertid har Phelps strøke seg fra 200 fri, og dermed frarøva oss en dimensjon fra en av de mest spennende og høykvalitetsfinalene i OL. Begge to stiller på fire individuelle øvelser, og får kanskje plass på tre stafettlag - i det minste i forsøket. Lochte sin 4x100-medleyplass er vel den det ser dårligest ut for. Hvem av de to som er "Superfish anno 2012" får vi svar på om drøye tre uker - når det braker løs i London.
Ellers er Missy Franklin klar for åtte øvelser i London, og vi registrerer at Dara Torres ikke klarte å kvalifisere seg til OL. Synd, men også et sunnhetstegn for amerikansk sprintsvømming.
Den mest spesielle historia frå dette US Trials er likevel Anthony Ervin. Olympisk mester i år 2000 (delt med Gary Hall jr.), deretter åtte år ute av svømminga - og no klar for OL etter 50 fri på 21,60 og andreplass bak Cullen Jones på stevnet. Det er raskere enn hva han gjorde da han vant OL-gull.
Snakker vi talent? Ja, i tillegg til at dette viser at sprintsvømming har tatt massive steg det siste tiåret. Treningsmessig har fokuset endret seg - konkurransegrenene er blitt eldre og fått mer aksept i svømmemiljøet. 21,60 er raskere enn Aleksander Popov noen gang svømte, og kan være med i medaljekampen i år...
Frankrike
I helgen går det mange svømmestevner av stabelen. I tillegg til Junior-EM, Nordisk Ungdomsmesterskap og NM er det også det siste store stevnet før OL med Paris Open i Frankrike.
Den siste testen før OL kan du se på fredag (perfekt oppladning til NM) og lørdag (om du ikke kan være på NM) fra kl.18-20 på Eurosport.
Australia
Ifølge SwimNews vil australske svømmere kunne innkassere ca 180.000 norske kroner om de vinner OL-gull i London. Om ikke den indre motivasjonen er nok, liksom..
Sverige
Sverige arrangerte svensk mesterskap i helga som var. Vi siterer fra Simma-redaktør Bo Hulten, som oppsummerte på følgende måte på den svenske mesterskapsiden, før finalepasset der blant annet Lars Frölander viste gryende OL-form:
«Det är lite tidigt att sammanfatta SM-tävlingarna redan nu men å andra sidan finns det inte anledning att tro att intrycket skall ändras radikalt under det avslutande tävlingspasset i eftermiddag/kväll.
Men vi kan konstatera att – ett SM strax före ett OS, i år liksom tidigare inte är vad man önskar. Många av toppsimmarna är inte med i den utsträckning som man hoppas och det betyder att resultatnivån inte blir den man önskar. Det inverkar menligt på helhetsintrycket.
Från det här SM:et saknar vi naturligtvis Sarah Sjöström som varit sjuk, Simon Sjödin som bara simmat lagkapper, trött och besviken på att han inte kvalade in till OS, Therese Alshammar som bara deltagit under två tävlingsdagar, Stefan Nystrand som bara simmat 50m fritt individuellt. När man plockar bort sådana här spetsar på SM, ja då sjunker intrycket av helhetskvalitén.
I övrigt har OS-simmarna i stort sätt genomfört sina SM-program enligt normal standard och flera av de verkar vara riktigt på gång. Till detta konstaterande skall vi också lägga till att EJM-simmarna bara simmade några pass på SM. Med detta faktum saknades bl.a bra simmare som Louise Hansson och Johannes Skagius.
Tittar vi på simmarna under landslagsnivån – är känslan att det står stilla i utvecklingen.»
Det er lite informasjon om nøyaktig kva den tidlegare medley-svømmaren skal gjere i Asker, men ho får i alle fall ein svensk sjef i Askers hovedtrener Johan Björkegren.
Dette skriv ho sjølv om sin trenerbakgrunn:
«I min tidigare förening Väsby Simsällskap har jag arbetat mycket med
att utveckla simkunnigheten i skolorna samt vår egen ungdomssimning.Jag
har ett brinnande intresse för simning på alla nivåer och hoppas att
jag kan bidra till att utveckla Asker SK.»
Stuparen Amund Gismervik er tatt ut til OL i London.
Det blei klart i dag i den fjerde uttaksrunden av Olympiatoppen i dag. Dermed har Norges svømmeforbund fire utøverar med til London; Ingvild Snildal, Sara Nordenstam, Lavrans Solli og Amund Gismervik.
Det er første gang på 20 år at ein norsk stupar får plass i den norske OL-troppen og Gismervik skal stupe frå 10-meterplattformen i London.
Siste uttaksrunde til OL er neste mandag (9.juli).
PS:For dei som savnar Internasjonal mandagsrunde, så kjem det ein tirsdagsvariant denne veka!
Når Alzheimer slår inn tidlig
Post created 22:45
I vår omtale av den internasjonale svømmesommaren for norske svømmerar gløymde vi den gruppa som har opplevd kanskje mest internasjonal suksess.
Våre svømmejenter som skal til Paralympics held fullt trykk gjennom sommaren, melder landslagssjef Morten Eklund i en e-post til Simma.
Så langt er Sarah Louise Rung og Mariann Vestbøstad tatt ut til Paralympics i London, som ikkje er ferdig før 9. september! Leikane startar 29.august.
Her har vi tru på medaljar av alle valørar...
I førebuingane til leikane skal jentene på leir både til Esbjerg, og til mindre glamorøse Calella utanfor Barcelona, opplyser Eklund.
Coach's Eye, ett nyttig verktøy
Post created 11:57
Coach's Eye er app som finnes til iPhone og iPad, som kan være et nyttig verktøy for trenere og svømmere. Se noen av mulighetene i vårt første forsøk på en videoreportasje under her:
jul 01
1. juli: stille før stormen
Post created 13:15
Svømmesesongen 2011/2012 nærmar seg klimaks. I løpet av dei neste 14 dagane vil sesongen vere over for alle norske svømmerar, så nær som tre.
For Sara Nordenstam, Ingvild Snildal og Lavrans Solli ventar alle svømmerars drøm med OL i London i slutten av juli og begynnelsen av august.
For brorparten av den norske svømmeeliten kulminerar året med NM på Tøyenbadet som startar lørdag.
Der blir det nokre merkbare fråvær av unge lovande svømmerar som skal delta internasjonalt.
Christian Tronvoll og Klara Farkas skal på EM for junior frå torsdag til søndag og går glipp av dei to første NM-dagane.
Det gjer også våre Nordisk ungdomsmesterskap-deltakarar som skal svømme i danskanes nasjonalanlegg Bellahøj lørdag og søndag. Det vil merkast at følgande rekke er borte:
Henrik Christiansen, Rasmus Skjærpe, Ole Martin Bjørlykke, Sander Andersen, Armin Porobic, Erik Årsland Gidskehaug, Morten W Hollund, Sigurd Holten Bøen, Marius Solaat Rødland, Håkon Wulf Haugen, Johannes Aagaard-Nilsen Wiik, Natalie Kosiander, Inger-Ane Sætra Schefte, Nina-Therese Storstein, Marte Løvberg, Emma Augustsson, Hanna Louise Berge.
Spesielt på juniorsida vil det nok vere nokre medaljar som er tilgjengelig. Desse utøverane er unge, men (i norsk samanheng) gode.
Men kva kan vi eigentlig forvente oss, internasjonalt?
OL: Får vi ein finale eller to skal vil vere godt nøgd. Sara Nordenstam har potensial til å melde seg på i medaljestriden. Ho er inne i den toårssyklusen ho har lagt seg til og formkurva er som vanlig stigande. Bronse i OL i 2008, sølv i EM i 2010...
Snildal har fått eit løft denne våren, og sjølvtilliten kan løfte ho langt i OL. Ein medalje vil overraske, med svenskar, danskar, australienarar og amerikanarar på plass. Semifinale tar ein nærast for gitt, men ein finaleplass er også realistisk med fullklaff, kjennast det som.
Lavrans Solli er med på same grunnlag som Ingvild for fire år sidan og Alexander Dale Oen i 2004, og det er først om fire år vi kan forvente oss at han markerar seg på resultatlistene. Forbedrar han personlige rekordar i London, er det eit godt teikn. Han er jo ein vinnarskalle, unge Solli.
Når det er sagt; Norge tar jo medaljer i alle internasjonale seniormesterskap.. det er jo opplest og vedtatt no, eller?
Det er ein tynn junior-EM-tropp som reiser til Antwerpen. Christian Tronvoll var en stund europas raskaste 18-åring i 2012, men etterkvart som stadig fleire har konkurrert har han blitt passert av sju stykk og er no nummer åtte. Det gjer at det er lov til å håpe på finaleplass på 50 fri - om han kan forbedre sin eigen norske juniorrekord på 23,31.
Medalje er sannsynligvis litt for langt unna om alle stiller - tredje beste 18-åring så langt i år har 22,85, ifølge Swimrankings.net sin ranking.
Ifølge samme ranking for jenter i junior-EM-alder (96/97) har Klara Farkas en 15.plass på 100 butterfly sålangt i år. Farkas har også fleire kort å spele på med fleire plasseringar inne blandt dei 30 i europa. Semifinale-håp først og fremst.
På nordisk ungdomsmesterskap er det særlig gutta vi må sette vår lit til. Henrik Christiansen på mellom- og langdistanse fri, Rasmus Skjærpe på mellomdistanse butterfly og medley, og 97-modellen Marius Solaat Rødland på sprintøvelsane.
Her har vi eit bra spann med favorittar som kan gjere det til eit bra NUM for Norge. I tillegg har vi eit par andre som ligg an til medaljer etter påmeldingslistene - men her får ein håpe ein tar etter landslagssjef Petter Løvberg sitt mantra: Ein skal ikkje studere startlistene får mykje - det er resultatlistene som er interessante.
Startlister og annan snacks finner du forøvrig her: livetiming.dk.
Ei nærare omtale av NM kjem når det nærmar seg start i Oslo.
Bestemor tatt av strømmen
Post created 13:03
Britiskaustralske Penny Palfrey (49) skulle svømme frå Cuba til USA, ein distanse på 166 kilometer, men måtte gi seg på grunn av sterk strøm.
Palfrey er mor til tre og bestemor til to, og skulle svømme utan beskyttelse mot hai i det haitette området. NTB/TV 2 har saken.
Penny Palfrey er ein erfaren opent vatn langdistansesvømmar som har svømt totalt 31 ulike strekningar, og har verdsrekorden i lengste svøm utan hjelp.
I denne spalten kan dere reklamere for stevner dere arrangerer, legge inn jobbannonser, reklamere for treningsleirplasser, kurs og konferanser. Send en e-post til simmanorge@gmail.com for å få vite mer.