simma_logga_2017

Nye krefter tar over Simma Norge

I januar 2011 starta den norske delen av Simma.nu opp, med Sander Smørdal og Alexander Mokkelbost som ansvarlige. 8,5 år seinare er det på tide med et skifte.

Fra og med i dag (17. juli) tar Jakob Bernstein og Henrik Wathne over oppdateringen og utvikling av disse sidene. Simma er for eksempel no på Instagram. Dei vil presentere seg sjølv i seinare innlegg, men begge to har ei glødande svømmeinteresse og -bakgrunn frå Bærumsvømmerne. Det blir bra.

Det er underteikna som i veldig stor grad har stått for oppdateringane på dei norske sidene. I periodar har vi klart å gi svømmeinteresserte i Norge (, og forsåvidt utanfor,) noko ekstra både i form av oppdateringar, innsikt og underholdning. Det har vore veldig morsomt og givande å drive med dette, store deler av tida. 

Når eg no gir meg, så er det fordi eg føler at vi river på lista vi sjølve har lagt - både i form av kvalitet og mengde. Eg vil tru at ein del har merka at oppdateringsfrekvensen har gått ned, og at eg ikkje har mulighet til å vere like tett på svømmemiljøet lenger. Svømmeinteressa mi er der framleis, men mykje forandrar seg på 8,5 år, og av og til må ein gjere tøffe val og prioriteringar. Derfor er det bedre med nokre nye, energiske kostar, som kan få oppdateringsfrekvensen opp igjen - og kanskje også tenke litt nytt.

Har du forslag til Jakob og Henrik, så er eg sikker på at dei er glade for å få dei både via Facebook-sidene og via e-post (simmanorge@gmail.com). Eg håpar folk vil tipse om ting og at klubbar vil fortsette å annonsere etter trenarar. Desto fleire som gjer det, desto bedre blir sidene.

Takk for meg!
Svømmehelsing, Sander

Kommenter gjerne:

  • Britt • 17 juli 2019 15:20:50
    Tusen takk for innsatsen, begge to!

  • Finn Z • 17 juli 2019 13:10:13
    Takk for innsatsen til både deg og Alexander. Dere har gjort en stor innsats for å fremme svømmingen i Norge. Godt jobba!

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter