simma_logga_2017
Nyheter fra Simma Norge

2018 > 08

Henrik Christiansen vant Ulvøen rundt i Oslo i går. Tida 27,29 var også rekord. Mats Andersen vant juniorklassen med 29,24.

Silje Poll Mikkelborg vant seniorklassen for kvinner med 35,27, men ble satt på plass av juniorene. Astrid Julie Halvorsen spurtslo Marte Løvberg - begge fikk sluttiden 32,30.

Alle resultater.

Adam Peaty var svært misfornøgd med at FINA brukte eit bilde av han til å promotere dei oppkomande verdenscupstevnene. Peaty har ingen intensjonar om å delta, og har gitt klar beskjed om kva han meiner. FINA måtte fjerne bildet frå Instagram, mens Peaty har sagt til The Times kva han syns om verdenscupen:

- Det funker ikke!

- Det er latterlig og pinlig. De burde bruke de pengene til bedre ting på et annet område i sporten. Det er helt feil tidspunkt på sesongen for meg og de fleste svømmerne.  Ingen møter opp, og det er derfor de bruker så mye penger på det fordi de trur at folk vil komme for å tjene til livets opphold. Men de gjør ikke det.

Verdenscupen starter i Kazan, Russland neste helg.  Blant dei som vil delta er Sarah Sjöström, Katinka Hosszu og Michael Andrew blant andre.

Totalt skal det deles ut over 2,5 millioner dollar, rundt 25 millioner kroner på verdenscupturneen. Sammenlagtvinnerne får 150000 dollar (1,5 mill) for det + penger for enkeltseirer underveis.

Cate Campbell tar i eit sjølvforfatta brev eit kraftig oppgjer med australske nett-troll, som ikkje var nådig med ho etter dei skuffande resultata under OL i Rio. 

Det er vel verd å lese.
Eit lite utdrag:
"But I just want to let you know, that you could not possibly be more disappointed in me, than I was in myself.

You could not have been more ashamed of me than I was of myself. You could not possible have judged me harsher than I was (and to an extent still am) judging myself.
In saying that, I did feel your disappointment, I did feel your shame and I felt your judgement.

For future reference, when you see someone choking, it’s not because they don’t care. It’s because they care too much."


Det å bry seg for mykje, å ønske seg noko for hardt, er nok noko dei fleste svømmarar kan kjenne seg igjen i. Forskjellen for Cate Campbell og mange av oss andre er at ho har ein heil nasjon som følger ho tett - og krava til australske svømmarar er store. Det får også fram det mørke i samfunnet. Det er baksida av medaljen med å bli så god, og så stor, som det Campbell trass alt er.

Og så er det bra og tankevekkande at ho tar det opp.

Norges Svømmeforbund har offentliggjort landslaga for komande sesong.

Det vi noterer oss først og fremst:

  • Henrik Christiansen åleine på Elitegruppa, og heller ingen på nivået nærast (Utfordrergruppe 1 - 860 FINA-poeng).
  • Kor er jentene? Fire av av totalt 15 på senior- og juniorlandslaga er jenter. Tar ein med paralandslaget er det fem av 19! Susann Bjørnsen ville sjølvsagt vore der, om ho ville, men må det eit større fokus på jenter til for å få eit felles løft?
  • Ingen på yngste gruppe (utviklingsgruppa), men erfaringsmessig fyller denne seg fort opp utover hausten.


Senior:
ELITEGRUPPPA
-Henrik Christiansen, Lambertseter SK

UTFORDRERGRUPPE 1
(ingen)

UTFORDRERGRUPPE 2
-Markus Lie, Bergensvømmerne
-Tomoe Zenimoto Hvas, Bærumsvømmerne
-Niksa Stojkovski, Bærumsvømmerne

REKRUTTGRUPPA
-Eva Kummen, Lambertseter SK
-Ingeborg Vassbakk Løyning, Bærumsvømmerne
-Malene Rypestøl, SK Team Sør/Vågsbygd SLK
-Truls Wigdel, Stavanger SK
-Patrick Toth, Lambertseter SK
-André Klippenberg Grindheim, Hamar IL Svømming

HOSPITANT (utenlandsk statsborger i norsk klubb)
-Jolann Bovey, Lambertseter SK

JUNIORLANDSLAGET 2018-2019
EM JUNIORGRUPPA (G:01-02/J:02-03-04)
-Hanne Stamnesfet Næss, Vestkantsvømmerne (04)
-Tobias Moen Olsen, Vestkantsvømmerne (02)
-Nicholas Lia, Bærumsvømmerne (01)
-Jon Jøntvedt, Bryne Svømmeklubb (03)
-Mats Fjogstad Tobiassen, Bryne Svømmeklubb (02)

UTVIKLINGSGRUPPA (G:03-04-05/J:05-06)
(ingen)

PARALANDSLAGET 2017/2018
ELITEGRUPPE
-Sarah Louise Rung, Stavanger Svømmeklubb
-Andreas Bjørnstad, Bærumsvømmerne

UTFORDRERGRUPPE
-Adam Ismael Wenham, Tromsø Svømmeklubb

REKRUTTGRUPPA
-Fredrik Solberg, Tønsberg SK

JUNIORGRUPPA
(ingen)

Her er oversikt over kvalkrav.

Det har ikke vært en hemmelighet at Halvor Arne Borgstrøm skulle til USA for å studere/svømme, men det har vært litt mindre kjent kor han skulle.

No er det offentlig at Borgstrøm skal svømme ved University of Texas, og bli ein del av det svært merriterte svømmelaget der. Texas Longhorns er blant dei mest prestisjetunge laga i svømming i collegesystemet.

Trenar er legenden Eddie Reese, som har trent ei lang rekke olympiarar. 

"Stallen" for 2018 er enda ikkje oppdatert, men forrige sesong var navn som Joseph Schooling og Townley Haas en del av laget. Dette er et meget sterkt treningsmiljø.

Tradisjonelt har Texas Longhorns ikkje latt utlendingar inn på laget, men blant anna med Schooling (Singapore) har dei løsna litt på reglane. Borgstrøm er ein av dei første.

På sin Instagram skriver Halvor Arne: "Pretty stoked about becoming a Longhorn and representing the Men's swimming and Diving!"
 
Vi ønsker han lykke til!

PS: Vi tar gjerne imot tips på hvor andre norske svømmere befinner seg i USA. simmanorge@gmail.com 

Liu Xiang satte tirsdag verdensrekord på 50 meter rygg i Asian Games. Med 26,98 ble hun første kvinne under 27 sekunder.

Xiang slo Zhao Jings 27,06 - satt i superdrakt i 2009.

Andreas Bjørnstad avslutta para-EM på glimrande vis og svømte inn til norsk rekord og bronse på 400 meter fri med 3.51,70 på søndag.

Det var Norges tredje, og Andreas' andre medalje i mesterskapet.

Andre finaleresultater fra fredag, lørdag og søndag:
100m rygg, S13: 7. Gabriel Steen, 1.09,50

400m fri, S9: 6. Marte Heggertveit, 5.24,42

100m butterfly, S14: 6. Adam Ismael Wenham, 1.05,93

50m fri, S9: 8. Fredrik Solberg, 27,06

 

Det første NM i Open Water blei svømt i helga, og sjølv om det neppe kan seiast å vere hans spesialgren vant Henrik Christiansen (Skjetten) suverent. 

Christiansen svømte 5000 meter på 56.18 - og var nesten seks minutter foran masterssvømmer Knut Ivan Rasmussen (Varg) som tok sølvet på 1.02,06. Håkon Syrrist (Ullensakersvømmerne) tok bronsen med 1.03,28 - 14 sekunder foran OIs Isac Benoni Lieng.

June Urdahl Kvalheim (OI) vant kvinneklassen med 1.09,54, foran Maiken Sofie Byman (Tønsberg) 1.14,46. Bronsen gikk til Mari Moen (Skjetten) 1.15,37.

Her finner de alle resultater.

Sarah Louise Rung. FOTO: Paraswimming/instagram Sarah Louise Rung. FOTO: Paraswimming/instagram

På dag tre av para-EM kom de første norske medaljene: to sølv. Sarah Louse Rung tok sølvet på 100 meter bryst klasse SB5, mens Andreas Bjørnstad tok samme valør på 100 meter bryst i herranes SB6.

Rung svømte på 1.44,54 og var 3,3 sekunder bak gullvinnar Jelyzaveta Meresjko frå Ukraina. Svømmeforbundet opplyser at det var Rungs 50. internasjonale medalje.

Andreas Bjørnstad tok sølvet med norsk rekord 1.24,50. Han kneip med det andreplassen med 17 hundredels margin til israelske Mark Malyar. Jevgenij Bogodajko vant suverent med 1.20,31.

Gabriel Steen blei nummer ni på 200 meter medley med 2.33,92.

Michael Andrew vant 50 meter fri under Pan-Pacs, og har fått sitt seniorgjennombrudd denne sommaren. 19-åringen som trenar på den kontroversielle USRPT-metoden med sin far som trenar, forklarer i denne videoen korleis han gjer det når faren ikkje er med på landslagssamlingar osv... 

Sarah Louise Rung. FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com Sarah Louise Rung. FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com

Andre dagen av EM for funksjonshemma blei heller ikkje det fullklaff for dei norske.

Best gikk det kanskje for Tønsbergs Fredrik Solberg, som sette norsk rekord på 100 meter fri med 1.00,18 i klasse S9. Det ga ein 11. plass.

Norges einaste finale var det Gabriel Steen som hadde - den direkte finalen på 100 meter bryst i SB13.  Ungguten blei nummer seks med 1.19,49.

Marte Heggertveit blei nummer ni med 1.12,78 på 100 meter fri, mens Sarah Louise Rung dessverre blei diska frå ein finaleplass på 200 meter medley.

Andreas Bjørnstad startet EM for funksjonshemmede med fjerdeplass på 50 meter butterfly. 35,41 var seks tideler over pers, og et par sekund fra medalje.

Adam Ismael Wenham åpnet EM med sjetteplass etter 1.09,90 på 100 meter bryst, 1,46 sekunder over hans norske rekord.

Resultater.

Alexander Popov og André Klippenberg Grindheim. Alexander Popov og André Klippenberg Grindheim.

Ei trening fredag blei av den spesielle sorten for André Klippenberg Grindheim - trenaren på kanten var den russiske svømmelegenda Alexander Popov.

Grindheim og trenar Øyvind Røsland er saman med færøyske Havnar Svimjifelag på treningsleir i Kranevo i Bulgaria, like ved Svartehavet. Røsland er engasjert av Torshavn-klubben som trenar denne veka, mens Grindheim er med for å førebu seg til eit eventuelt ungdoms-OL i oktober. For resten på Hamar er det oppstart komande veke.

Popov er sjølv i Kranevo med ein treningsleir for russiske barn og ungdomar, og tok 600 euro (ca. 5700 kroner) for ei trening med fotosession.

- Verdt pengene, sier Røsland.

-Han er en riktig «down to earth guy» , mange gode poenger og tips, flink å forklare. Basiskunnskaper som balanse, distanse pr. tak, effektivitet gjennom masse drills og scullingøvelser, 15 m gli fra push, 20 m fra start osv.

Alexander Popov var i ei årrekke verdas beste sprinter. Han hadde verdsrekorden på 100 meter fri langbane (48,21) frå 1994 til 2000, på 100 meter fri kortbane frå 1994 til 2004 (46,74), på 50 meter fri langbane (21,64) frå 2000 til 2008 og 50 meter fri kortbane (21,50) frå 1994 til 1998.

Færøyske In.fo har skrive om treninga også.

FOTO: Agencia Brasil/Wikimedia Commons FOTO: Agencia Brasil/Wikimedia Commons

Katie Ledecky vant sjølvsagt 400 meter fri under Pan Pacific-mesterskap som svømmast i desse dagar, men det interessante var seiersmarginen: BERRE 1,1 sekund. Så hard konkurranse brukar ikkje Ledecky å få...

Ariarne Titmus, Australia, svømte nemlig inn til 3.59,66 og blei nummer to bak Ledecky (3.58,50). Med det blei Titmus den andre gjennom historia til å svømme under fire minutter utan superdrakt. Federica Pellegrini var under også med 3.59,15 i Roma-VM i 2009.

Det er framleis eit stykke til verdsrekorden til Ledecky (3.56,46), men noko kan vere i emning...

- Det er spennende for meg å sjå det. Eg var den einaste under fire minutter i tekstildrakt i nokre år. Eg har satt standarden, og eg veit at mange jenter jakter på det nivået. Det er bra å sjå nokon gå under fire minutter, og det kjem til å presse meg til å gå enda raskare, seier Ledecky etter løpet.

- Ho har ikkje hatt nokon å konkurrere med på lenge, men eg nærmar meg, seier Titmus.  

Sjå alle resultata og litt meir info på vår svenske side!

Etter eit EM under pari varslar landslagssjef Petter Løvberg evaluering. Han er som venta ikkje nøgd med resultata.

– Vi hadde eit fantastisk kortbane-EM i desember der 12 av 14 symjarar sette personlege rekordar, i tillegg til fleire norske rekordar. Det har vi ikkje klart å følgje opp denne sommaren. Det må vi ha ei grundig evaluering på, seier Løvberg til NRK.

– Eg tykkjer faktisk det er greitt at utøvarane møter litt motgang. Vi har hatt mykje positivt i norsk symjing over mange år. Men dette er vår «wake-up-call». Det at vi får ein på trynet må føre til at vi blir endå meir skjerpa og motivert til å gjere ein god jobb når vi kjem heim, seier Løvberg, som har ei klar melding til landslagssymjarane.

– Vi konkurrerer med utøvarar som jobbar steinhardt. Det må vi hugse kvar dag når vi står opp klokka fem for å trene. Vi må jobbe endå tøffare dersom vi skal henge med i internasjonal svømming, seier Petter Løvberg.


----------------------

Simma kommenterer:
Det er nok mykje sant i det landslagssjefen seier, og det er liten tvil om at resultata i vår/sommar kunne vore bedre.

Samstundes handlar det ikkje berre om å jobbe hardare. Det handlar også om å legge forholda stadig bedre til rette for utøvarar utanfor bassenget - og på den måten gjere det mogleg å trene hardare, bedre og samstundes restituere seg raskare...

Det handlar om treningsmoglegheiter og -tilbud, men også om økonomi. Profesjonaliseringa på trenersida er kome langt i Norsk Svømming - når får vi ei større profesjonalisering på svømmarsida og gode rammevilkår for fleire? 

... kan ein konkludere med eit EM under pari for dei norske svømmarane.

Ein streng dom etter ein sølvmedalje til Henrik Christiansen, kanskje, men samstundes er både svømmarar og landslagssjef Petter Løvberg veldig tydelig på at det er personlege rekordar ein går for i slike store mesterskap.

Fasit der er ein personlig rekord på dei seks svømmarane: Markus Lie på (b-øvelsen) 100 meter rygg.

Henrik leverer så  godt ein kan forvente etter skadetrøbbelet han har hatt i vår. Ein sølvmedalje, ein fjerde- og ein femteplass - på tider ikkje veldig langt frå pers er heilt klart godkjent. Ein skal også huske på at det er vanskelegare å sette pers når ein allerede er på internasjonalt toppnivå. Klarer Henrik å halde seg skadefri framover, vil han fort ta det neste steget...

Det fins sjølvsagt fleire grunnar: Susann Bjørnsen innrømmer i ettertid at det ikkje har vore ein ideell treningsvår etter å ha starta studier. Markus Lie har også hatt nokre problemer med ryggen, mens Truls Wigdel mista heile meisterskapet med sjukdom. Tomoe Zenimoto Hvas kunne ha vore med for å heve den norske profilen, men prioriterer fornuftig nok annerledes.

Samtidig er det ingen tvil om at ein ikkje har truffe 100 prosent med toppinga, og så opptatt Petter Løvberg er av at ein skal prestere best, når det gjeld som mest, så vil det og må det utvilsomt evaluerast hardt.

Svømmarane sjølv er ikkje fornøgde, men det positive er at dei verkar revansjesugne, skal ein dømme ut frå sosiale medier.

- «I motbakke det går oppover» Slik oppsummerer jeg avslutningen av sesongen. Litt ferie nå før det er tilbake i bassenget for å gjøre jobben enda bedre til neste gang! #teamnorge, skriver Markus Lie på Instagram.

- Idretten er ærlig, hard og brutal. Mesterskapet gikk ikke som håpet, men kanskje litt som forventet. Treningen har ikke vært godt nok, og endringer må til for å nå nye mål! , skriver Susann Bjørnsen.

- Går ikke alltid som man vil, skriver Emilie Løvberg. 

Etiketter: svømming, em langbane

Her følger et knippe herlige svømmebilder fra EM- alle foto av Ellen Kessel/NIF.

Henrik Christiansen. Her etter 400 meter fri. FOTO: Ellen Kessel/NIF Henrik Christiansen. Her etter 400 meter fri. FOTO: Ellen Kessel/NIF

Henrik Christiansen enda på fjerdeplass på 800 meter fri etter å ha gutsa i finalen. Med 7.46,76 var han berre to sekunder bak sin norske rekord - og ein solid innsats.

Han opna forrykande, og var etter 100 meter nesten sekundet foran passering til norsk rekord-tempo. Det holdt han fram til 400, men så begynte det å røyne på. 100 meter før slutt lå han på fjerdeplass, nokre tidelar bak Florian Wellbrock. Det klarte han ikkje å hente, for tyskaren hadde ein meget god spurt.

Mikhajlo Romantsjuk tok gullet på 7.42,96 foran Gregorio Paltrinieri 7.45,12 og Florian Wellbrock 7.45,60.

Christiansen kom inn til finalen nærmast med eit naudskrik, med berre 37 hundredelers margin, og hadde tydelig bestemt seg for å prøve.

- Eg tar dette som ein personlig seier etter den våren, og det mesterskapet eg har hatt, seier ein fornøgd Henrik Christiansen til NRK.

- Etter at eg ikkje persa på verken 400 eller 1500, og det forsøket eg hadde på 800, så er eg veldig fornøgd med dette, sjølv om eg gjerne skulle hatt medalje.

Det kan bli ingen danske svømmere å se ved VM kortbane i Kina i desember. Det bekrefter Dansk Svømmeunion til danske TV 2.

Grunnen er at de ikke har råd! I stedet prioriteres pengene på treningsleirer og annet frem mot VM langbane neste år. 

Dermed må utøverne betale selv dersom de ønsker å dra. Rikke Møller Pedersen legger ikke skjul på at hun ergrer seg over avgjørelsen til forbundet.

- Akkurat nå er målet mitt at det er noen som vil være med å sende meg til VM på kortbane. Det er superergelig at forbundet ikke har penger til det, for jeg vil veldig gjerne ut og konkurrere på det nivået - og kanskje gi noen bank.
Niksja Stojkovski tidligere i EM. FOTO: Ellen Kessel/NIF Niksja Stojkovski tidligere i EM. FOTO: Ellen Kessel/NIF

Niksja Stojkovski blei nummer 21 på 50 meter fri i EM i Glasgow, men med 22,52 var han berre to hundredelar frå semifinaleplass.

På grunn av regelen om at ein nasjon berre kan få med seg to stykk til semifinale, er Stojkovski andrereserve til kvelden, men sannsynligheten for å få svømme er nok liten. Tida var åtte hundredeler frå hans norske rekord, og altså eit godt løp, men stang ut.

Emilie Løvberg nummer 28 på 50 meter butterfly, 27,53 - 21 hundredeler over personlig rekord.

Susann Bjørnsen fekk samme plassering på 50 meter bryst. 32,30 er nesten sekundet bak pers. Stina Kajsa Colleou ble nummer 41 med 33,62 - også det eit godt stykke bak pers.

Det norske stafettlaget på 4x100 fri mix tok seg heller ikkje vidare etter 12.plass i forsøket. 3.34,58 var 3,22 sekunder fra finaleplass. 

Splitter: Markus Lie 49,95, Niksja Stojkovski 49,80, Susann Bjørnsen 57,05, Emilie Løvberg 57,78.

Med det er EM over for norsk del, med eit viktig unntak: Henrik Christiansens 800 meter fri.

Pernille Blumes semifinale på 100 meter fri i EM var av det spesielle slaget.

Den danske sølvvinneren på 50 meter fri bestemte seg for å prøve å svømme så fort som mulig første 50 - og slo handa i veggen på tida 23,98. Deretter tok ho ei vending i overflata og fullførte distansen. Det blei imidlertid, ikkje overraskande, for tøft til at ho skulle klare å ta seg vidare til finalen. Sluttida 54,71 ga ein sjetteplass i hennar semifinale.

Noko slikt kan ein sjå på mindre stevner, der ein skal prøve å kvalifisere seg til store mesterskap, og anser sjansen til å klare det best på den halve distansen - men aldri i ein EM-semfinale. Det forbausar berre ikkje alle rundt, men også det danske svømmeforbundet, som kritiserer Blume.

Trenarane og sportssjefen hevdar dei hadde gått gjennom eit heilt anna løpsopplegg heile tre gongar med Blume. Dei trudde den hurtige sprinteren var einige med dei.

- Derfor kommer det meget overraskande på oss det vi opplevde i kveld. Eg og EM-trenarstaben er djupt forundra over den prestasjonen som Pernille Blume leverte på 100 meter fri, seier sportssjef i Dansk Svømmeunion, Lars Green Bach, i ei pressemelding.

- Eg ville gjerne svømme raskt. Eg ville slå handa i veggen og sjå kva som ville skje dei første 50 meterane. Eg tok avgjerdsla sjølv. Så blei eg sliten, og då kan ein ikkje gjere så mykje. Nokre ting skal ein berre prøve, seier Blume sjølv ifølge danske BT.

Merkelige greier.... 

Henrik Christiansen tok seg til EM-finale på 800 meter fri som åttande- og sistemann. 

7.53,94 var 37 hundredels sekund foran niandeplassen i forsøket: treningskompis Victor Johansson. Med ein norsk rekord på 7.44,21 har Henrik definitivt kapasiteten til meir - ein slik prestasjon vil trulig vere i medaljesjiktet. Så får ein sjå kva finalespesialisten plukkar fram denne gongen.

For Susann Bjørnsen var 56,97 og 35. plass på 100 meter fri eit godt stykke unna finaleplass. Hennar norske rekord er 55,35 og ein måtte gjort 55,17 for å nå semifinalen.

FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com

Stina Kajsa Colleou ble nummer 18 og er førstereserve på 200 meter bryst etter forsøket på 2.29,58. Det var 95 hundredeler over personlig rekord for Lambertseter-jenta, så hun kunne nok tenkt seg en sjanse til...

Niksja Stojkovski endte på 31. plass med 24,22 på 50 meter butterfly - ett hundredel over personlig rekord, og altså dermed omtrent på pari.

Under pari var Markus Lies 47. plass på 200 meter fri. 1.51,10 er et stykke bak Lies ambisjonsnivå, og 1,03 bak personlig rekord.

Alle resultater.

EM i Glasgow er blitt rammet av en tidtakingsskandale. På flere øvelser lørdag var det tidtaker-anlegget feilinnstilt, noe som gjorde at alle tidene var 0,1 sekund feil, blant annet da Adam Peaty satte verdensrekord på 100 meter bryst.

Det betydde at Peatys tid i dag ble korrigert til 57,10 - ikke 57,00. Det var likevel nok til å sette verdensrekord med tre hundredeler - siden den gamle var 57,13.

Svenskene som trodde de fikk ny juniorrekord på 100 meter bryst med Sophie Hansson måtte imidlertid fjerne den tiden fra rekordbøkene, ettersom den etter justering ikke var bedre enn tidligere rekord.

Les hos NRK.

Henrik Christiansen avslutta bra og svømte inn til femteplass på 1500 meter fri i svømme-EM. 14.56,47 er hans fjerde beste prestasjon på distansen nokonsinne ifølge medley.no.

VM i Budapest i fjor, Rio-OL og då han sette norsk rekord under Swim Open Stockholm i 2016 er dei tre gongane han har svømt raskare. Det er sterkt, når ein veit trøbbelet Henrik har hatt denne våren. Det er også godt nytt for 800-meteren seinare, normalt sett hans sterkaste distanse.

Henriks norske rekord er 14.53,77, som også det ville vore over ti sekunder bak medaljenivå. Florian Wellbrock vant på 14.36,15 etter ein tett duell med Mykahjlo Romantsjuk.

– Det var tidlig klart at medalje  ikkje var innen rekkevidde. Eg forsøkte å svømme mitt eget løp og drite i dei andre. Eg gikk for pers, men klarte ikkje det. Det kan hende eg manglar litt konkurransetrening etter skulderskaden, sa Christiansen til NRK.

Emilie Nyenget Løvberg fekk sjansen i semifinale på 200 meter butterfly, og svømte den på 2.15,50 - noko som ga ein 14. plass. Heilt fullklaff er det ikkje, når Løvberg var over to sekund over pers - og også eit sekund svakare enn i forsøket.

PS: Til no har oppdateringane frå EM i hovudsak kome på Facebook - men no vil det kome oppdateringar her på Simma også.

Etiketter: svømming, em langbane

Henrik Christiansen forsvarte sølvmedaljen sin på 400 fri fri fra EM i 2016. Les hva våre nasjonale medier skriver om prestasjonen

NRK: Jeg trodde jeg vant!
TV2: Christiansen tok EM-sølv
VG: Råeste siste 50 noen gang
Aftenposten: Henrik tok sølv på 400 meter

I morgen skal de norske svømme følgende øvelser:

Niksja Stojkovski, 100m fri
Markus Lie, 100m fri
Stina Kajsa Colleou, 100m bryst
Henrik Christiansen, 1500m fri

Og her er beviset!! #teamNoreg

Et innlegg delt av Norges Svømmeforbund (@svommeforbundet)

I dag starter EM i svømming, med seks norske svømmere på startpallen.

All svømming sendes på NRK.no fra kl. 10.30, mens finalene også sendes på NRK1/2 fra kl. 18.

NB! Eurosport sender alt direkte på TV!

Her er det norske løpsopplegget, dag for dag, etter påmeldingslistene:

Fredag: 
-Henrik Christiansen, 400m fri
-Susann Bjørnsen, 50m fri
-Markus Lie, 50m rygg
-Emilie Løvberg, 100m butterfly

Lørdag:
Niksja Stojkovski, 100m fri
Markus Lie, 100m fri
Stina Kajsa Colleou, 100m bryst
Henrik Christiansen, 1500m fri

Søndag:
Emilie Løvberg, 200m butterfly
Markus Lie, 100m rygg

Mandag:
Markus Lie, 200m fri
Stina Kajsa Colleou, 200m bryst
Niksja Stojkovski, 50m butterfly
Stafett: 4x100m medley, mix

Tirsdag:
Susann Bjørnsen, 100m fri
Henrik Christiansen, 800m fri

Onsdag:
Niksja Stojkovski, 50m fri
Emilie Løvberg, 50m butterfly
Markus Lie, 100m butterfly
Susann Bjørnsen, 50m bryst
Stina Kajsa Colleou, 50m bryst

Resultatservice.

Truls Wigdel. Foto: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com Truls Wigdel. Foto: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com

Truls Wigdel må stå over EM på grunn av sykdom. Det bekrefter landslagssjef Petter Løvberg til Dagbladet.

Det gjør også at det ikke blir noe norsk stafettlag i Glasgow.

Kvalifiserte Tomoe Zenimoto Hvas er heller ikke med på grunn av at man har prioritert junior-EM og ungdoms-OL senere i år.

- Wigdel skulle i utgangspunktet delta i EM. Han var bekreftet klar og ble med på pre camp på Mallorca denne uka. Men allerede etter to dager så vi at han måtte kaste inn håndkleet, sier Løvberg.

For resten av troppen er landslagssjefen optimistisk.

- Utøverne er i strålende godt humør og stemningen i gruppa er veldig fin, understreker Løvberg.

I et intervju med NRK er Henrik Christiansen offensiv før EM-starten, til tross for skadeproblemene i vår.

– Det kjennes godt. Jeg føler meg sterk i vannet nå, sier Christiansen til statskanalen.

– Det er første gangen jeg har hatt et ordentlig avbrekk fra svømmingen. Det kan hende det har gjort godt. Jeg fikk tid til å gjøre litt annet, trent en del alternativt og sett på teknikken, forklarer han.

Etter gode NM-resultater har han virkelig fått troen.

– Jeg tror jeg kan komme tilbake sterkere enn noensinne i EM, sier svømmestjernen.

– Det er ingenting i treningen som tilsier at han toppet formen til NM. Vi vil se at han svømmer betydelig fortere nå, og vi forventer steg, sier landslagssjefen.

Les hele artikkelen hos NRK.

Annonser

Til salgs!
Klikk på logoen for med informasjon.

Ledige jobber

Ledig jobb på Færøyene. 

Havnar Svimjifelag søker hovedtrener.

Les mer her.

BSC søker trener i 50% stilling. Klikk på logoen for mer info.

Vil du annonsere her? Kontakt oss på e-post: simmanorge@gmail.com!

Treningsleir

Stevner